Bygdaboogie i Klubb Straumen er som kirsebæret på toppen av den digge milkshaken Bygdalarm er, og den perfekte staden å danse ut overtenninga og fredagseuforien. Den ultimate plassen å skamlaust danse seg gjennomsveitt, skrikesynge til skuldige gleder, og som på einkvar bygdafest med respekt for seg sjølv pleier det bli ein swing eller to. DJ Evil Mustache og the Librarian (Nils Ove Børve og Theresa Wallevik) sitt motto er at alt er lov, både i musikken og på dansegolvet. Her er det heilt umogleg å seie kva som kjem som neste song, men det er alltig moro og det dukkar opp alt frå rykande ferske hits til den songen du trudde du var aleine om å gaule til i bilen. Og så kjem det sjølvsagt noko klinemusikk for dei som har behov for det. Dei som var i Straumen i fjor kan skrive under på at dette var ein av dei beste klubbopplevingane i livet, og det vert svettare, skamlausare og svulstigare i år!