Det blir ekte gatefest i Klubb Nistagato når DJ Anne Stinessen tek over scena. Dei siste fem åra har ho eigd både små og store scenar i Bergen, og er kjent for å skape heite dansegolv og god stemning. House, dacehall, elektronisk og dance er berre noko av det ho lovar å spele, og målet for festen er å kose seg! Det kan me like, det me likar nesten enda betre er at Anne Stinessen lovar at det vert god stemning, eklektisk og skamlaust – akkurat som det skal vere på klubb i gata etter midnatt.
Foto: Andreas Grønner