Monika Engeseth kjem eigentleg frå Hallingdal, men gjer musikkarriere frå Bergen, og er den store snakkisen i miljøet for tida. Ho fylte lokala under Vill vill vest, og blei sporenstreks booka til Den hemmelige festen og til sjølvaste By:Larm. Etter å ha spelt på fyrstnemnde var omtalen «talentfullt fyrverkeri» frå BA og «kompromissløs drømmepop» frå BT. Ja takk, seier me!
Dette er deilegpop på sitt beste! Her er digge trommebeats, herleg synth og ei nydeleg stemme i topp symfoni. Moyka får deg garantert til å danse, og har eitt og anna til felles med både Aurora og Highasakite. Perfekt musikk til ein dans ved fjorden! Dette er ein artist alle garantert vil vete namnet på veldig snart, og definitivt noko å få med seg på Bygdalarm.
Foto: Homegrown Diamonds